Varemerke som består av eller inneheld kunstverk

Oslo kommune leverte inn fleire søknader om varemerkeregistrering for Gustav Vigeland sin kunst i 2014. Kommunen fekk godkjent fleire motiv som varemerke, men har fått avslag på andre.

Diskusjon med europeiske myndigheiter

Patentstyret har lenge ønskt å presentere temaet «Varemerke som består av eller inneheld kunstverk» for dei andre europeiske varemerkemyndigheitene. Patentstyret deltek på Trade Mark Liaison Meetings i EUIPO (EU si varemerkemyndigheit) to gonger i året, og i oktober 2014 fekk vi dette temaet på agendaen.

Workshop

Temaet blei behandla og diskutert i ein workshop der representantar frå dei forskjellige EU-landa besvarte spørsmål vi hadde formulert på førehand i samråd med EUIPO.

Her er ei kort oppsummering av diskusjonen

  • Det var full einigheit blant alle myndigheitene om at varemerke som består av eller inneheld åndsverk ikkje har særpreg for alle varer og tenester. Særpreget må vurderast konkret for dei aktuelle varene og tenestene.
  • Det var full einigheit om at slike varemerke vil kunne nektast viss dei viser innhald (eks: avbildninga av eit kunstverk for bøker i klasse 16), viss varemerket kun framstår som ei avbilding av vara (eks: plakatar i klasse 16) og viss merket kun viser vara si form (eks: statuar). Det kunne vere aktuelt å oppgi vesentleg verdi som nektingsgrunn mot slike merke.
  • Vi stilte også spørsmålet om myndigheitene meiner at slike merke berre er dekor, eller om dei kan utgjere eit teikn på kommersielt opphav. Det var ikkje full einighet om når dei meinte at slike merke framstår som dekor. Patentstyret sitt inntrykk er at dei aller fleste, kanskje alle, i det minste vil nekte slike merke for alle slags varer som typisk blir selt i museumsbutikkar, butikkar til kunstgalleri osv. Enkelte myndigheiter vil kanskje gå noko lengre.
  • Når det gjeld spørsmålet om kunstverket må vere berømt for å bli nekta, var det litt forskjellige svar. Enkelte myndigheiter meinte at verka må vere kjende, andre at dette ikkje var relevant, andre meinte at det avgjerande er om merket oppfatteast som eit kunstverk, ikkje nødvendigvis om det er kjent eller ikkje.
  • Vi spurte også om nokre myndigheiter vil nekte slike merke på andre grunnlag. Ut over noko spesiallovgiving i enkelte land (Polen har til dømes ein eigen Chopin-lov), så var fleire myndigheiter opne for å nekte slike merke fordi dei er i strid med offentleg orden og moral. Det vil typisk vere tilfellet viss verket inneheld religiøse symbol, eller kan vere støtande.

Les om andre tema som blir diskuterte i Trade Mark Liaison Meetings i EUIPO

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: