Vurdering av distinktivitet
Kva betyr figurativ utforming i kombinerte merke.
Som ein del av det pågåande samarbeidet mellom EUIPO (EU si varemerkemyndigheit) og dei nasjonale myndigheitene, har Patentstyret delteke i eit harmoniseringsarbeid om vurderinga av særpreg for kombinerte merke.
Samarbeidet har vore begrensa til vurdering av kombinerte merke der teksten i merket reknast som direkte beskrivande eller manglar særpreg. Spørsmålet er når slike merke som heile kan reknast som særprega på grunn av den figurative utforminga.
Som det framgår i Common Communication har landa blitt einige om felles retningslinjer for korleis slike vurderingar bør gjerast.
Patentstyret meiner at norsk administrativ praksis er i samsvar med desse retningslinjene.
Harmoniseringsprosjekt i EU - CP3: Distinktivitet:
- Common Communication on the Common Practice of Distinctiveness – Figurative Marks containing descriptive/non-distinctive words (PDF)
- Frequently Asked Questions (FAQ) on Common Practice CP 3. Distinctiveness – Figurative marks containing descriptive/non-distinctive words (PDF)
(først publisert 2. oktober 2015)