Vurdering av risiko for forveksling

Som ein del av det pågåande samarbeidet mellom EUIPO (EU si varemerkemyndigheit) og dei nasjonale myndigheitene, har Patentstyret deltatt i eit harmoniseringsarbeid om vurderinga av risiko for forveksling.

Samarbeidet har vore avgrensa til kva for vekt svake eller ikkje-registrerbare merkeelement skal ha i slike vurderingar.

Som det framgår i Common Communication har landa blitt einige om felles retningslinjer for korleis slike vurderingar bør gjerast.

Desse retningslinjene medførar ikkje nokre endringar i norsk praksis.

Dette kan vere relevant for følgjande avgjerder:

I varemerkelova § 16 bokstav a, framgår det at eit varemerke ikkje kan registrerast viss det krenkjer ein annan sin rett til eit varemerke her i landet .

Eit slikt tilfelle kan finnast der det er ein risiko for forveksling med ein tidlegare rett, jf. § 4 første ledd bokstav b.

Vurdering av om det er ein risiko for forveksling kan også vere sentral i forhold til andre relative registreringshindringar, jf. varemerkelova § 16 bokstav b, opphevingsgrunnar, jf. varemerkelova § 29 og ugyldigheitsgrunnar, jf. varemerkelova § 35.

(først publisert 10. februar 2015)

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: