Samtykke
Viss nokon har eit varemerke som kan forvekslast med ditt, kan du kontakte innehavaren og be om samtykke til registrering av merket ditt.
Eit samtykke bør innehalde følgjande:
- Namn og adresse til innehavaren av den eldre registreringa.
- Registreringsnummeret til den eldre registreringa.
- Ditt namn og adresse.
- Søknadsnummeret til søknaden din.
- Ei oversikt over kva varer og tenester det samtykkast til. Viss det gjeld eit delvis samtykke, må du også levere ei avgrensing av varelista som er i samsvar med samtykket.
- Det må klart framgå av samtykkeerklæringa at det er samtykke til registrering som er gitt. Samtykke til bruk er ikkje tilstrekkeleg.
- Dato og signatur (påkravd).
Døme
Ole Olsen, innehavar av varemerkeregistrering nr. 12345, ordmerket X, med adresse Ringveien 1, Oslo, samtykker til registrering og bruk av varemerkesøknad nr. 56789, det kombinerte merket X, tilhøyrande Lise Hansen, med adresse Ringveien 2, Oslo, for følgjande varer og tenester:
Klasse X
Klasse X
Dato og signatur
Ver merksam på
Registreringa du gir samtykke til, kan bli eit hinder dersom du seinare vil registrere eit merke som liknar.
Det kan derfor vere lurt å inngå ein avtale der du og innehavaren av dei andre varemerke er einige om å ikkje hindre kvarandres varemerkeregistreringar også for framtida.
Ein slik avtale kan vere i form av ein sameksistensavtale.