Skjema - send søknader og meldingar til oss
Her finn du ei oversikt over skjema våre. Vi tilrår at du bruker elektroniske søknadsskjema dersom det er mogleg.
Har du ikkje norsk personnummer/No Norwegian national identity number?
Vi tilbyr ei sikker elektronisk løysing i Altinn for kundar som ikkje har norsk fødselsnummer eller D-nummer.
Når du har oppretta ein brukar, sender vi all kommunikasjon om både tidlegare og nye saker til den same Altinn-kontoen. Derfor er det viktig at du brukar e-postadressa du vil få all kommunikasjon frå Patentstyret på, når du opprettar kontoen.
Finn skjemaet som passar for deg, og følg lenkja. Klikk på "Start teneste". Vel deretter "International" og "Email login" som innloggingsmetode.
Skjema for varemerke
Her finn du skjema for å søkje om varemerke. Det er viktig at du har sett deg godt inn i prosessen før du søkjer. Når du har sendt inn søknaden, kan du ikkje gjere endringar.
- Søknad om varemerkeregistrering Vi guider deg gjennom søknadsprosessen. Lenkje til Altinn
- Skjema for fellesmerker og garanti- eller kontrollmerker Vi guider deg gjennom søknadsprosessen. Lenkje til Altinn
- Skjema for internasjonal registrering av eit varemerke (Madrid-systemet) Lenkje til WIPO
- Krav og klagar til Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR) Bruk dette skjemaet for å sende inn krav eller klage til Patentstyret. Du kan også klage på Patentstyrets avgjørelser til KFIR, eller bruke skjemaet til å klage på et foretak som er registrert i Einingsregisteret. Lenkje til Altinn
Skjema for patent
Her finn du skjema for å søkje om patent. Det er viktig at du har sett deg godt inn i prosessen før du søkjer. Når du har sendt inn søknaden, kan du ikkje gjere endringar.
- Søknad om patent Vi guider deg gjennom søknadsprosessen. Lenkje til Altinn
- Publisering av EP-søknad og validering av EP-patent Lenkje til Altinn
- Søknad om supplerande vernesertifikat (SPC) og/eller søknad om forlenging av supplerande vernesertifikat Lenkje til Altinn
- Krav og klagar til Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR) Bruk dette skjemaet for å sende inn krav eller klage til Patentstyret. Du kan også klage på Patentstyrets avgjørelser til KFIR. Lenkje til Altinn
Skjema for design
Her finn du skjema for å søkje om designrettar. Søknaden bør vere godt gjennomarbeidd for å oppnå designvern.
- Søknad om registrering av design Vi guider deg gjennom søknadsprosessen. Lenkje til Altinn
- Krav og klagar til Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR) Bruk dette skjemaet for å sende inn krav eller klage til Patentstyret. Du kan også klage på Patentstyrets avgjørelser til KFIR. Lenkje til Altinn
Skjema for forundersøkingar og oppdrag
Vi sjekkar i register og databasar for å sjå om andre patent- og varemerkerettar kan vere til hinder for innovasjonen din, eller hjelper deg med å finne annan relevant informasjon, tilpassa dine behov.
Andre skjema
Bruk følgjande skjema i Altinn for å kommunisere med oss:
- Korrespondanse til Patentstyret Bruk dette skjemaet dersom du skal sende inn svar eller andre meldingar til Patentstyret i varemerke-, design- og patentsaker. Lenkje til Altinn
- Melding om endring, overdragelse, pant, lisens eller PPH Lenkje til Altinn
- Bestilling av WIPO DAS-kode, prioritetsdokument eller stadfestnad frå Patentstyret Lenkje til Altinn
- Krav og klagar til Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar (KFIR) Bruk dette skjemaet for å sende inn krav eller klage til Patentstyret. Du kan også klage på Patentstyrets avgjørelser til KFIR, eller bruke skjemaet til å klage på et foretak som er registrert i Einingsregisteret. Lenkje til Altinn
- Få brev frå Patentstyret digitalt Bruk dette skjemaet for å få varsel frå oss på e-post. I feltet "Kva gjeld førespurnaden?" skriv du at du ønskjer å bli Altinn-kunde. Ta også med alle saksnummera du har hos oss. Representerer du eit føretak, må dagleg leiar delegere rolla "Patent, varemerke og design" til deg i Altinn. Dagleg leiar gjer dette under "Profil" og deretter "Andre med rettar til verksemda". Lenkje til Altinn
PDF-skjema for fleire område
Nokre av skjemaa våre finst berre som PDF. Du kan fylle ut og lagre desse skjemaa elektronisk.
Hvis du ikkje får opna eit PDF-skjema, prøv ein annan nettlesar. Du kan òg oppdatere til ei nyare utgåve av Adobe Acrobat.
Her finn du meldingar, ferdigutfylte skjema og arbeid undervegs
Når du får eit e-postvarsel frå oss, finn du meldinga i innboksen din i Altinn.
Ver merksam på at kvar melding har to fristar:
- Den faktiske svarfristen finn du når du opnar meldinga.
- Den kortare fristen du ser til høgre før du opnar meldinga, er ein påminningsfrist. Han gjeld om du ikkje har opna meldinga innan denne datoen.
I innboksen finn du også skjema du framleis arbeider med, og som du ikkje har fullført eller sendt til Patentstyret. Skjema og kvitteringar du har sendt inn, finn du i arkivet til venstre i innboksen.
Signering av dokumenter
Patentstyret godtek berre elektronisk signatur frå Altinn. Vi godtek også handskriven signatur.
Fant du det du lette etter?
Din tilbakemelding hjelper oss med forbedringer!
Vi hjelper deg gjerne i prosessen
Få oversikt over moglegheiter som finst for deg, og korleis du eventuelt bør gå fram for å søkje. Patentstyrets ekspertar har lang erfaring og veit kva det er lurt å tenkje på.