Du driv kanskje ei verksemd og tenkjer at du ikkje treng å vite noko om patent, varemerke og designrettar? For du har inga oppfinning du skal patentere, noko namn du skal registrere som varemerke eller design du skal verne. Så då er det vel ikkje så viktig å vite noko om det?
Jobbar du med idear til ny teknologi eller nye produkt? Ofte kan det vere inspirerande å sjå kva som allereie finst av liknande teknologi på marknaden. Det kan vere noko du skal spinne vidare på, eller kanskje du finn ei nisje der det ikkje finst produkt i dag?
Patentstyret sitt kundesenter mottok Kundeserviceprisen i kategorien offentleg på Callsenterdagane i slutten av april. Det er firmaet SeeYou som deler ut prisen, og Patentstyret sine medarbeidarar gjekk til topps i konkurransen med 15 andre offentlege verksemder. Ein slik siger kjem ikkje av seg sjølv, men krev mykje forarbeid.
Lisens er løyve til å nytte programvare, eit varemerke, eit patent eller andre immaterielle rettar. Lisensiering av slike rettar blir normalt dokumentert i form av ein avtale mellom eigar av retten (lisensgivar) og ein eller fleire lisenstakarar om rett til å nytte patentet.
Fann du det du lette etter?
NB: Tilbakemeldingar er anonyme! Ønskjer du svar, ta kontakt med oss på telefon 22 38 73 00 eller post@patentstyret.no
Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.