Førebu søknaden - patent

Ein patentsøknad skal innehalde ei framstilling av oppfinninga, inkludert teikningar når det er nødvendig. Søknaden skal innehalde patentkrav, og i tillegg eit kort samandrag av framstillinga og patentkrava.

Innhald i søknaden

  • Framstilling: Framstillinga skal vere så tydeleg at ein fagperson skal kunne utøva oppfinninga på grunnlag av denne. Den bør også innehalde eksempelutføring som viser ulike utføringsformer av oppfinninga, viss dette er relevant.
  • Patentkrav: ei bestemt forklaring av kva du søkjer patent på.
  • Samandrag: eit kort samandrag av framstillinga og patentkrava. Samandraget har ingen funksjon når det gjeld eit eventuelt patentvern, men skal berre tene som teknisk informasjon.
  • Teikningar: Søknaden skal også innehalde teikningar, viss det er nødvendig for forståinga.

Du kan ikkje søkje patent på fleire forskjellige oppfinningar i same søknad. Du må sende inn éin søknad for kvar oppfinning.

Ein søknad kan ikkje endrast slik at du søkjer patent på noko som ikkje framgjekk av søknaden da han blei innlevert. Det er derfor viktig at søknaden er korrekt og fullstendig når den leverast inn.
Døme på ein patentsøknad (pdf-fil, bokmål)

Utforming av patentkrava

Du kan lese meir om korleis patentkrava bør utformast i denne artikkelen ”Korleis skrive patentkrava sjølv”, skreve av sjefsingeniør Øystein Skalland og tidlegare publisert i bladet Gründer. 

Språk

Språk i søknaden: Du kan levere inn søknaden din på norsk eller engelsk. Det er viktig å merke seg at det språkvalget du gjer ved innlevering til Patentstyret ikkje kan endrast. Viss du leverer inn søknaden din på engelsk, vil patentet bli meddelt på engelsk. For å oppnå provisorisk vern for ein engelsk patentsøknad, må du omsetje patentkrava til norsk og dei må vere kunngjorde av Patentstyret.

Språk i saksbehandlinga: Patentstyret brukar norsk i saksbehandlinga, men viss patentsøknaden leverast inn på engelsk og du som søkjar ber om engelsk saksbehandling, skal saksbehandlinga foregå på engelsk. Du kan også be om engelsk saksbehandling når du leverer inn søknaden på norsk, da skal Patentstyret skrive realitetsuttaling og granskningsrapport på engelsk.
Les meir om språkkrav

Provisorisk vern for patentsøknaden din

Du får provisorisk vern for patentsøknaden din når søknaden er gjort allment tilgjengeleg, det vil seie 18 månader etter at du leverte inn søknaden din (eventuelt frå prioritetsdagen). Viss du ber om at søknadsdokumenta gjerast allment tilgjengeleg tidlegere enn etter 18 månader, vil du få provisorisk vern frå dette tidlegare tidspunktet.

Viss du leverer inn patentsøknaden din på engelsk, må du sende inn ei omsetjing av krava til norsk for å oppnå provisorisk vern i Noreg.
Les meir om provisorisk vern

Filformat ved elektronisk søknad

Vel riktig format for å sikre at Patentstyret kan opne dokumenta dine.
Les meir om filformater (PDF-fil)

Adresse for korrespondanse

Både norske og utanlandske søkjarar må oppgi ei adresse som Patentstyret kan sende korrespondanse til. Dette gjeld uansett om det dreier seg om ein nasjonal eller internasjonal søknad, og gjeld også for innehavarar av internasjonale registreringar som er gyldige i Noreg.

I visse tilfelle kan det vere behov for å la seg representere av ein fullmektig. I slike tilfelle sender vi korrespondansen til fullmektigen si oppgitte korrespondanseadresse.

Oversikt over fullmektigar på nettstaden iprhjelp.no: Rådgivardatabasen.

Profesjonell hjelp i søknadsprosessen

Patentering er eit komplekst fagfelt der det er lett å trø feil. Viss du har lite erfaring med patentering eller har lita tid til å arbeide med søknadsprosessen, bør du vurdere å bruke eit profesjonelt patentbyrå (også kalla patentfullmektig eller berre fullmektig). Eit patentbyrå kan hjelpe deg med blant anna utarbeiding og formuleringen av patentsøknaden din. Det er ein del strenge krav og tidsfrister i saksbehandlingsprosessen for patent. Patentbyrået vil kunne bistå med oppfølging av desse, samt diverse innbetalingar som til dømes årsavgifter.

Oversikt over fullmektigar på nettstaden iprhjelp.no: Rådgivardatabasen

Les meir om korleis eit patentbyrå kan hjelpe deg med prosessen.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: