Har du fått avslag på varemerkesøknaden din?

Du har fått avslag for alle varene og tenestene du har søkt for, eller nokre av desse. Er grunngivinga at varemerket manglar særpreg eller at varemerket kan forvekslast med andre varemerke?

Les meir om kva du kan gjere

  1. Klage på vurderinga
  2. Få hjelp og rettleiing
  3. Si ja til tilbodet vårt om registrering av nokre av varene eller tenestene
  4. Send ny søknad
  5. Bruk varemerket ditt som det er, men ver varsam
  6. Be om samtykke frå dei som eig det varemerket som kan forvekslast med ditt
  7. Administrativ overprøving

1. Klage på vurderinga

I brevet du har fått frå oss står det korleis du skal gå fram dersom du ønskjer å klage på vedtaket.

  • Hugs å klage innan fristen som er gitt i brevet.
  • Send inn argument som grunngir kvifor du er ueinig i vurderinga vår. Vi vil då vurdere saka på nytt. Du kan anten argumentere sjølv, eller få andre, for eksempel ein advokat eller fullmektig innanfor bransjen, til å hjelpe deg med dette. Ei liste over profesjonelle rådgivarar finn du i «Rådgiverdatabasen» på iprhjelp.no.
  • Dersom varemerket ditt manglar særpreg, må du ha innarbeidt det i heile Noreg for at Patentstyret skal registrere det likevel. Dersom du kan prove at varemerket er innarbeidt, legg ved dokumentasjon på dette i klaga di. Les meir om innarbeiding.
  • Du kan be om munnlege forhandlingar. Les meir om dette.
  • Du kan be om fristforlenging dersom du ser at det blir vanskeleg å svare innan fristen. Les meir om fristforlenging.

2. Få hjelp og rettleiing

  • Du kan ringje saksbehandlaren som har underskrive brevet eller Patentstyrets kundesenter for ei avklaring på avslaget og for å få rettleiing, telefon 22 38 73 00.
  • Du kan booke eit møte med oss digitalt eller fysisk. Book eit møte. Oppgje gjerne søknadsnummeret ditt ved kontakt.

3. Si ja til tilbodet vårt om registrering av nokre av varene eller tenestene

  • Dersom du har fått melding om at Patentstyret kan registrere varemerket for nokre av varene eller tenestene, kan du skrive til oss at du vil ha varemerket registrert for dei varene eller tenestene vi oppgav i brevet. Vi vil då registrere varemerket for desse varene eller tenestene.
  • Du vil i dette tilfellet ikkje få ei formell avgjerd for dei andre varene eller tenestene vi har avslått. Dette betyr at du ikkje kan klage på Patentstyrets vurdering til klageorganet vårt, KFIR, med mindre du vel å dele søknaden. Les meir om deling av ein søknad.

4. Send ny søknad

  • Du kan arbeide vidare med varemerket ditt for å få eit unikt varemerke som oppfyller krava til registrering. Hugs at varemerket må vere eigna til å skilje varene eller tenestene dine frå andre sine og kan ikkje forvekslast med andre registrerte varemerke. Du kan for eksempel leggje til ein særprega logo eller tekst til merket.
  • For å lukkast betre med den nye søknaden din bør du lese meir om kravet til særpreg og andre tips om kva du kan få eineretten til.

5. Bruk varemerket ditt som det er, men ver varsam

  • Dersom Patentstyret avslår søknaden din fordi varemerket er skildrande eller manglar særpreg, betyr det ikkje at vi nektar deg å bruke det. MEN, hugs at du ikkje nødvendigvis har einerett til varemerket, og du bør forsikre deg om at du ikkje krenkjer andre sine rettar etter marknadsføringslov, føretaksnamnelov eller varemerkelov.

6. Be om samtykke frå dei som eig det varemerket som kan forvekslast med ditt

  • Dersom nokon har eit varemerke som er forvekselbart med ditt, kan du kontakte innehavaren og be om samtykke til registrering av varemerket ditt. I så fall må du sende oss ein kopi av samtykt. Vi kan då registrere varemerket. Les meir om samtykke.

7. Administrativ overprøving

  • Meiner du at merket som hindrar at merket ditt blir registrert sjølv ikkje oppfyller krava til registrering etter lova, eller du veit at det ikkje har vore brukt på 5 år? Då kan du sende inn krav om administrativ overprøving for å oppheve eller slette den registreringa som kan forvekslast med ditt. Les meir om klagealternativ på registrerte saker.
Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: