Søk patent i Noreg
- 1 Kvifor søkje patent?
- 2 Undersøk marknaden
- 3 Få hjelp av profesjonelle
- 4 Oppfinninga må være ny
- 5 Gjer nødvendige forundersøkingar
- 6 Søknadsprosessen
- 7 Moglege hindringar på vegen til patent
- 8 Patent i andre land?
- 9 Eksempel
- 10 Kva kostar det?
- 11 Malar
- 12 Ikkje norsk personnummer?
- 13 Søknader (starta/sendt) og kvitteringer
Søknadsprosessen
-
Skriv og send søknad
Søknaden skal innehalde:
- Ei detaljert forklaring av oppfinninga
- Patentkrav som definerer vernet til oppfinninga
- Søknadsskjema med tittel, namn på søkjar, namn på oppfinnar m.v.
Patentstyret kontrollerer formelle krav dersom søknadsavgifta er betalt. Dersom søknaden inneheld formelle manglar, vil du få eit brev frå Patentstyret med ein kort frist for å rette opp desse.
-
5-7 mnd.
Første vurdering av søknad
Innan 5-7 månader får du eit brev som seier om søknaden kan bli patent eller ikkje. Her har vi vurdert framstillinga og patentkravet i søknaden, og samanlikna desse med kjend teknikk vi har søkt fram. Vi gir deg ein svarfrist til å rette opp eventuelle manglar ved søknaden.
-
Svar innan fristen
Når du svarer fyrste gong, kan søknaden allereie då blir godkjend til meddeling, dersom alle kriteria er innfridde.
Når du har utbetra alle manglane ved søknaden, kan den bli godkjend som patent dersom du ønskjer det.
-
<12 mnd.
Søkje patent i andre land
Har du tenkt å søkje om vern av den same oppfinninga i andre land? Då må du gjere det innan 12 månader for å behalde same verknadsdato som den norske søknaden din.
-
18 mnd.
Kunngjering
18 månader etter innleveringsdato blir søknaden din offentleggjord. Det betyr at søknaden og all korrespondanse i saka blir gjord tilgjengeleg for alle i heile verda. Dersom du trekkjer søknaden før denne fristen, blir søknaden verande hemmeleg.
-
Patent
Dersom oppfinninga kan patenterast og det formelle med søknaden er i orden, blir søknaden godkjend til patent. Patentet ditt blir publisert og delt med heile verda!
Har du lese alle 13 punkta øvst på sida?