umoralsk_960x320.png

Umoralske varemerke

I varemerkelova er det ei føresegn om at varemerke ikkje kan bli registrert viss dei «strider mot moral.» Det er ikkje ofte vi nekter eit merke på grunn av dette, men kva inneber eigentleg denne føresegna?

Varemerkelova sin § 15 første ledd bokstav a) seier at «et varemerke ikke kan registreres hvis det strider mot lov, offentlig orden eller moral.»

Døme på varemerke som er blitt nekta registrerte fordi dei strir mot moral, er «jævla homo», som NRK forsøkte å registrere for blant anna klede og tv-produksjon. Patentstyret meinte at merket vil bli oppfatta som støtande og sterkt nedsetjande mot ei gruppe personar og at ei registrering av varemerket derfor strir mot moral.

Den svenske organisasjonen Ung Cancer ønskte å registrere varemerket «Fuck cancer», men det blei avvist fordi Patentstyret meinte at nordmenn ville kunne bli støtt av at uttrykket inneheld det engelske banneordet «fuck».

Ica Noreg fekk avslag då dei ønskte å registrere «Mekka» for matprodukt og drikke. Sidan dei hadde søkt innan matvare-kategorien, ville registreringa omfatte svinekjøt, og det kunne virke støtande for blant anna muslimar i Noreg.

Vi har avslått ein søknad for «BUDDHA» som gjeld for datavarer og -tenester. Når det gjeld religion, famnar føresegna vidt ved at slike merke vil bli nekta for mange typer varer og tenester. I avslaget seier vi at

«ei registrering av «BUDDHA» kan opplevast som støtande blant buddistane i Noreg. Ei registrering vil representere ei offentleg godkjenning av bruk av «BUDDHA» som ei stadfesting av kommersielt opphav. Patentstyret antar på denne bakgrunnen at ei registrering vil vere eigna til å vekkje forarging.»

Her kjem det fram at det ikkje er ein bruk av merket som vil stri mot moral, men kanskje først og framst det at Patentstyret godkjenner bruken ved å tillate registreringa. Patentstyret kan ikkje hindre bruk, men kun hindre registreringa av merket.

Reglane blir handheva litt ulikt i forskjellige land. Det norske selskapet bak merket «Comfyballs» søkte om å registrere varemerket i USA også, men registreringsmyndigheitene avslo søknaden fordi merket var for vulgært. Dei meiner at ordet viser til at ein mann sine testiklar, eller «ballar», vil ha det komfortabelt i de undertøysvarene varemerket skulle brukast for, noko dei meiner er støtande. Men Patentstyret i Noreg har godkjend «Comfyballs» som varemerke.

Les meir om kva du kan registrere

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: