
Dynatec har patentert både nasjonalt og internasjonalt
«Å søkje patent på norsk gjer oss mindre tilgjengelege for internasjonale konkurrentar i ein tidleg fase.»
DYNATEC AS produserer alt frå enkeltmaskiner til komplette liner for blant anna matproduksjon, produktkontroll og pakking.
Sidan starten har det vore ein viktig strategi for dei å patentere både nasjonalt og internasjonalt. Vi har patentert alt frå industrielle pakkeløysingar og robotverktøy til kjemiske reaktorar og prosessar.
«Grundig, innleiande gransking av ein norsk patentsøknad gir oss ei god sikring av kor eigna søknaden er for patentering i utlandet. Å søkje patent på norsk gjer oss mindre tilgjengelege for internasjonale konkurrentar i ein tidleg fase.»
Dr. Werner Filtvedt, forskingsleiar i DYNATEC AS