Søk design i Noreg

Vi tilrår at du les alle 11 punkta før du trykkjer «Start designsøknaden».

3. Er designet nytt?

For at du skal få einerett til eit produkt ved designregistrering, må produktet sin utsjånad skilje seg får alle design som er kjende frå før. 

Viss du har vist designet ditt offentleg (for eksempel på ei nettside), må du sende inn søknaden seinast 12 månader etter at du viste det offentleg første gong.

Sjekk om det allereie finst liknande design

Det kan vere nyttig å bruke noko tid på å søkje i designdatabasar for å sjå kva som allereie finst av liknande desing.

Du kan sjølv undersøkje i:

Du kan også be Patentstyret om å sjekke registeret vårt. Du kan anten bestille ein forundersøking før du sender inn ein søknad eller be om at vi utfører ei supplerande undersøking under behandling av søknaden. Dette er betalte tenester.
Vi vil då undersøkje om det finnast eldre design i registeret vårt som liknar på designa i søknaden, og som kan vere til hinder for at du kan oppnå einerett til designa. Vi undersøkjer ikkje om det finst liknande design i marknaden. Undersøkinga gir derfor ikkje eit sikkert svar på om du kan oppnå einerett, fordi utsjånaden til produktet må skilje seg frå alle design som er kjent frå før, også dei som ikkje er registrerte hos oss.
Les meir om forundersøkingar
Les meir om supplerande undersøkingar

Teknisk løysing eller logo knytta til designet?

Har designet ditt også ei heilt ny, teknisk løysing kan du vurdere å søkje patent. Ver merksam på at patent har eit såkalla absolutt nyheitskrav. Dette betyr at oppfinninga ikkje må ha vore vist til andre før du har levert patentsøknaden.

Ønskjer du å kombinere patent og designregistrering, må du derfor tenkje på at:

  • designsøknaden ikkje må offentleggjerast før du har søkt om patent
  • designsøknaden må leverast senast 12 månader etter at patentsøknaden er blitt allment tilgjengeleg, på grunn av nyheitsfristen (grace period)

Les meir om patent

Logo: Viss du vil bruke eit eige namn eller ein logo som kjenneteikn for produktet ditt, bør du vurdere å registrere det som eit varemerke.
Les meir om registrering av varemerke

Har du lese alle 11 punkta øvst på sida?