Søk design i Noreg

Vi tilrår at du les alle 11 punkta før du trykkjer «Start designsøknaden».

5. Førebu bilete 

Bileta i ein designsøknad utgjer sjølve retten, derfor er det viktig at desse tydeleg viser det ferdig utvikla designet ditt.

Bilete i gråskala gir vern for alle fargar. Bilete i fargar gir vern for fargane og fargekombinasjonane vist på bileta.

Du kan sende inn inntil 7 bilete av kvart design du vil registrere.

Nedanfor ser du korleis bileta skal utformast

Du kan også opne rettleiinga som PDF

1. Bileta kan vere ei strekteikning, datateikning eller foto

¨¨¨2. Gråskala gir vern for alle fargar, men både farge- og gråskalabilete blir godteke. Kvar fargekombinasjon tel som eit design.

3. Vis gjerne designet frå fleire vinklar, men kun ein synsvinkel per biletefil.

4. Bileta må vere klare og skarpe.

5. Bileta må vise designet tydeleg og mot ein nøytral bakgrunn.

6. Bileta må ikkje innehalde forstyrrande skyggar.

7. Bileta må ikkje innehalde forstyrrande lysrefleksar.

8. Bileta må ikkje innehalde andre gjenstandar, personar, forklarande tekst eller målliner.

9. Du kan registrere delar av eit produkt. Bruk stipla liner for det som ikkje skal vere med, eller vis delen for seg sjølv.

 

Tekniske retningslinjer for bilder i designsøknader (PDF)
Følg desse retningslinjene for å sikre at bildene du legg ved søknaden til Patentstyret, tilfredsstiller dei tekniske krava i samsvar med lovverket, slik at du får ein så god rett som mogleg.

Retningslinjer frå internasjonalt harmoniseringsarbeid om bilete i designsøknader 

  

Har du lese alle 11 punkta øvst på sida?