Patentsøknadar: Aukar innovasjonslysta i nedgangstider?

23. januar 2017: Fjoråret gav ein gledeleg rekord i talet på patentsøknadar frå norske søkarar. Og mange har lagt merke til at kriseramma Rogaland er fylket med størst auke og flest søknadar.

Patentstyret mottok heile 2062 søknadar om nye patent i Noreg – ein auke på 14 prosent frå rekordåret 2015. Denne utviklinga er det mange som har lagt merke til, og både næringsminister Monika Mæland og Patentstyret sin direktør Per Foss har uttalt seg i fleire medier:
- I Rogaland ser vi ein svært sterk auke. Det er nok ei blanding av kreativiteten til rogalendingane og at dei er nøydde til å finne på noko nytt på grunn av nedgangen i oljesektoren, seier Per Foss til TV2.

Også næringsministeren er begeistra over dei ferske patenttala.
- Dette er gledelege tal som fortel oss at skapartrongen er stor, seier Monica Mæland, og peikar på at tøffe tider påverkar folk til å tenke nytt. - Dette er eit symptom på at ein i vanskelege tider nytter moglegheita til å utvike nye idear og teknologi. Økonomiske nedgangtider og aukande arbeidsløyse gjer folk meir kreative, meiner ho.

Her er fylkesoversikta over innsende patentsøknadar:

Akershus 157
Aust-Agder 44
Buskerud 79
Finnmark 2
Hedmark 14
Hordaland 126
Møre og Romsdal 64
Nord-Trøndelag 21
Nordland 16
Oppland  11
 Oslo 163
 Rogaland 232
 Sogn og Fjordane 20
 Sør-Trøndelag 70
 Telemark 38
 Troms 22
 Vest-Agder 69
 Vestfold 46
 Østfold 38
 Totalt 1232 

 

Takk for din tilbakemelding! Ønsker du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt
Denne siden ble sist endret: