Ta vare på retten din

Ta vare på søknadene og rettane dine. Forny søknaden eller retten din, utnytt den kommersielt gjennom samarbeid med andre, følg med på konkurrentane dine og om somme krenkjer retten din.

Gå direkte til betalingsinformasjon

Forny søknaden eller retten din

For å oppretthalde retten din må du fornye den med jamne mellomrom.

  • Varemerke: du kan fornye varemerket ditt kvart 10. år så lenge du ønskjer det.
  • Design: du kan fornye designa dine kvart 5. år i inntil 25 år til saman.
  • Patent: du kan oppretthalde patentsøknaden eller patentet ditt ved å betale årlege avgifter frå søknaden kom inn og i inntil 20 år. For lækjemiddel og plantefarmasøytiske produkt kan det i visse tilfelle søkjast om inntil ytterlege fem års vern (SPC).

Patentstyret sender ikkje ut faktura for desse avgiftene, då det er frivillig å oppretthalde søknaden eller retten din. Du kan betale 1 år før betalingsfristen for varemerke og design, og 6 månader før betalingsfristen for patent.
Innlogging for elektronisk betaling

Men, Patentstyret sender brev med varsel til søkjar, innehavar eller fullmektig i god tid før betalingsfristen.

Korleis skal du betale?
Sjå betalingsinformasjon.

Prisar
Varemerke   |   Design   |   Patent

Du kan også sjølv setje opp eit elektronisk varsel og få ei varsling på e-post ca. ein månad før betalingsfristen.
Les korleis du gjer dette.

Melding om endringar:
Dersom du skal gjere endringar i søknaden eller retten din, må du melde dette skriftleg til oss før du betalar. Du kan bruke skjemaet i Altinn for overdraging, fusjon, endring av namn, adresse eller fullmektig.
For sletting av klasse (varemerke) eller samregistrering (design), eller endring av varemerke, kan du bruke skjema Andre endringar (PDF).

Utnytt retten din kommersielt

Dokumenterte rettar gjer det enklare å inngå samarbeidsavtalar om for eksempel lisensiering. Slik kan du utvide marknaden gjennom samarbeid med andre. Du kan også lisensiere inn for å byggje vidare på andre si produktutvikling.

Det er viktig å gjere eit godt forarbeid med å fastsetje verdien av rettane og inngå gode avtalar med samarbeidspartnarane. Patentrettar kan også pantsetjast, og kjøpast og seljast på linje med andre verdipapir.
Meir om pantsetjing av patent  
Meir om lisensiering

Følg med på om nokon krenkjer retten din

Du må sjølv følgje med på om nokon krenkjer retten din.

Overvak marknaden, bruk internett og følgj med på aktuelle konkurrentar.  Det finst også verksemder som kan overvake marknaden for deg. Jobbar du i fleire marknader og med store varemengder, kan det vere aktuelt å inngå eit samarbeid med Toll, slik at dei kan stoppe vareleveransar dersom det er mistanke om innførsle av ulovlege kopiar. 

Du kan også bruke varslingstenesta vår. Då får du melding dersom nokon søkjer om å registrere rettar innanfor same område.
Les korleis du sjølv kan setje opp eit varsel 
Les meir om kva du kan gjere om nokon krenkjer retten din

Følg med på konkurrentane dine

Ved hjelp av søkjetenesta vår kan du halde deg oppdatert på kva konkurrentane dine gjer og kva rettar dei søkjer.

Du kan få inspirasjon til vidare produktutvikling og dessutan finne aktuelle samarbeidspartnarar som du ser har rettar innanfor fagområde som er interessante for verksemda di. 

Du kan lagre søkene og bli varsla når det kjem nye søknader.

Klager på føretaksnamn

Føretaksnamn eller firmanamn blir registrerte i Føretaksregisteret i Brønnøysund. Dersom andre registrerer eit namn du meiner ligg for nært ditt, kan du klage på registreringa til Patentstyret. 
Meir informasjon om klager på føretaksnamn 

Vi hjelper deg

Ta kontakt med oss dersom du har spørsmål. Du kan ringje kundesenteret vårt på 22 38 73 00 og snakke med ein rettleiar eller ein saksbehandlar. Du kan også avtale eit møte med oss.

Offentlege aktørar

Innovasjon Noreg, Forskningsrådet, Design og arkitektur Norge (DOGA), Siva sitt nettverk av klyngjar, inkubatorar, katapultsentre osv. kan hjelpe deg med blant anna forretningsstrategi og økonomisk stønad.
Sjå liste over offentlege aktørar 
Sjå også Starte og drive bedrift hos Altinn

Private rådgivarar

Private rådgivarar og patentbyrå kan hjelpe deg med søknaden din og følgje opp viktige tidsfristar og innbetalingar. Trass i namnet har eit patentbyrå som regel ekspertar på alle former for immaterielle rettar, inkluderte varemerke og design. 
Sjå oversikt over aktørar på iprhjelp.no

Lær meir - ta eit kurs

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: