Søk patent i Noreg

Vi tilrår at du les alle 13 punkta før du trykker «Start ny patentsøknad».

7. Moglege hindringar på vegen til patent

Dette er dei vanlegaste årsakene til at Patentstyret ikkje kan gi patent ("meddele patent"):

Søknaden som blir send inn skildrar ikkje oppfinninga godt nok

Ei oppfinning som skal få einerett gjennom patent, skal ha teknisk karakter, gi ein teknisk effekt og vere mogleg å gjenskape. Søknaden må forklare eller vise korleis oppfinninga kan gjennomførast i praksis. Ein fagpersom skal kunne utøve oppfinninga basert på korleis du har skildra oppfinninga i søknaden.

Søknaden som blir send inn dekkjer noko som ikkje kan blir verna ved eit patent

Du kan ikkje få patent på ein idé eller eit konsept. Oppfinninga må vere ei konkret løysing på eit teknisk problem. Til dømes kan du ikkje få patent på eit forretningskonsept. Eit dataprogram er i seg sjølv ikkje mogleg å patentere.

Oppfinninga er ikkje ny

Nyheitskravet er absolutt. Vi kan ikkje gi patent på ei oppfinning som finst frå før, uansett frå kvar i verda den er kjend. Til dømes kan oppfinninga vere publisert i ein tidlegare patentsøknad, eller vere omtala på ei nettside for hobbyfiskarar.

Du har avslørt oppfinninga di til andre før du har sendt inn patentsøknaden

Send søknaden til Patentstyret før du viser oppfinninga di på ei messe, skriv om den på ei nettside, viser den i lokalavisa eller viser den i ein video på YouTube!

Oppfinninga skil seg ikkje tilstrekkeleg frå det som er kjend frå før

I tillegg til nyheitskravet blir det stilt krav til oppfinningshøgd. Oppfinninga må skilje seg vesentleg frå det som er kjent frå før. Det betyr at oppfinninga ikkje må vere noko ein fagperson med fagkunnskapen sin kan kome fram til ved bruk av kjend teknikk på fagområdet. Det betyr også at det blir forlangt noko «meir» enn at det er nytt samanlikna med det som eksisterer frå før for å gi einerett til patent.

Søknaden inneheld ikkje tilstrekkeleg teknisk informasjon

Patentingeniøren kan ikkje behandle ein patentsøknad der søknadsdokumenta ikkje er av god nok kvalitet. 

Det kan vere tilfelle der det berre søkjast på ein idé eller eit konsept, utan at det er gitt nok tilstrekkeleg teknisk informasjon. Det kan også mangle ei skildring eller gode figurar av oppfinninga. I desse tilfella er det ikkje mogeleg å gjere ei fullverdig behandling av søknaden, og patentsøkjar vil då bli kontakta innan få veker etter innlevering.

Dersom søknaden har for store manglar til at den kan føre til patent, kan det vere smart å trekkje den ved å sende ein e-post til Patentstyret. (post@patentstyret.no) eller sende ei melding via Altinn. Då kan du jobbe vidare med produktet ditt eller sende inn ein ny og utbetra søknad.

 

Har du lese alle 13 punkta øvst på sida?