Søk patent i Noreg

Vi tilrår at du les alle 13 punkta før du trykker «Start ny patentsøknad».

4. Oppfinninga må vere ny

Ei oppfinning må vere ny for at den skal kunne patenterast. Sjølv om du berre vil søkje patent i Noreg, må oppfinninga vere ny i heile verda. Når vi behandlar patentsøknaden din søkjer vi i alle opne kjelder (patent, faglitteratur, internett, rapportar, standard og anna) som kanskje kan vise same oppfinning som skildra i søknaden din. 

Du må halde oppfinninga hemmeleg før du leverer inn patentsøknaden

Retten til eit patent gjeld frå den dagen patentsøknaden blei levert til Patentstyret. Dersom du offentleggjer oppfinninga før du har levert patentsøknaden din, vil det publiserte materialet kunne bli sett på som kjend teknikk, som dermed kan hindre deg i å få patent. Hald derfor oppfinninga hemmeleg til du har levert ein søknad til Patentstyret - og helst til du har fått den fyrste fråsegna frå oss.

Patentsøknaden og korrespondansen i saka er offentleg og synleg for alle 18 månader etter at søknaden blei innlevert, eventuelt før dersom du ber om det. Dersom du trekkjer søknaden før denne fristen blir søknaden verande hemmeleg. Du kan også be om at spesifikke forretningsløyndomar ikkje blir offentleggjorde. 

Dersom du vil vise oppfinninga di til ein potensiell produsent, er det viktig at du presiserer at opplysingane skal haldast hemmelege. Vedkomande bør underskrive ein fortrulegheitsavtale slik at du ikkje risikerer at idéen blir kjend.

Les meir om fortrulegheitsavtale på nettsida til Innovasjon Noreg

Ei oppfinning må ha oppfinningshøgde

I tillegg til å vere ny, må ei oppfinning ha oppfinningshøgde for å kunne patenterast. Oppfinningshøgde betyr at oppfinninga skal skilje seg vesentleg frå tidlegare kjend teknikk på området. Den kan ikkje berre vere ei openberr vidareføring av tidlegare kjend teknikk. Det vil seie at ein fagperson ikkje direkte eller med rein fagkunnskap skal kunne kome fram til oppfinninga frå den kjende teknikken. 

Industrielt tenleg

Oppfinninga skal ha teknisk karakter og vere mogleg å gjenskape (reprodusere). Det vil seie at ein fagperson skal kunne forstå og lage oppfinninga, eller kunne utføre framgangsmåten, ut frå det som er skildra i patentsøknaden.  Det er berre tekniske løysingar som kan patenterast - du kan ikkje få patent på for eksempel eit forretningskonsept.

 

Har du lese alle 13 punkta øvst på sida?