Søknadsprosess varemerke
Følg saka
Du kan følgje saka di og finne offentlege søknadsdokument i søkjetenesta vår. Søk ved å bruke søknads- eller registreringsnummeret.
Søkjetenesta
Har du levert ein søknad?
Dersom ikkje, kan du søkje om varemerkeregistrering her: Søk varemerke i Noreg.
Betaling for søknaden
Dersom du betaler samstundes som du leverer inn søknaden din via søknadsvegvisaren vår eller Altinn, er saksbehandlingstida vesentleg kortare enn dersom du vel å vente på faktura.
Dersom du leverer søknaden din utan å betale samstundes, får du tilsendt en faktura for søknadsgebyret innan 10 vyrkedagar etter at du har levert inn søknaden. Du får 4 vekers frist til å betale. Viss du ikkje betalar innan fristen, vil søknaden bli henlagt.
Ikkje alle søknader fører fram til ei varemerkeregistrering. Ver klar over at du betalar for behandlinga av søknaden, og ikkje for at du får varemerket registrert.
Skal du sende oss eit brev i ein søknad eller registrering?
Vi anbefalar at du brukar skjemaet for korrespondanse i Altinn. Du får kvittering umiddelbart.
Altinn: Korrespondanse til Patentstyret
Viss du ikkje kan bruke Altinn av ulike grunnar, kan du sende ein e-post til post@patentstyret.no.
Søknadsbehandling
- For søknader som er betalte ved innlevering og levert med førehandsgodkjende varer og tenester frå Produktveljaren, vil du få ei avgjerd frå oss innan 3 veker. Har du ikkje høyrt frå oss innan 3 veker, kan du sjekke status på søknaden din i Patentstyret si søkjeteneste.
- For søknader som ikkje er betalt ved levering og/eller som er levert utan førehandsgodkjend vareliste frå Produktveljaren, tek det 3-5 månader før du mottek første fråsegn i saka eller eit registreringsbrev frå oss. Dette gjeld også for fellesmerke og utradisjonelle varemerke, som til dømes lyd-, rørsle- og 3D-merke.
- Sjekk status for behandlingstid for varemerkesøknader (blir oppdatert månadleg)
- Vi undersøkjer om varemerket ditt oppfyller alle krava i varemerkelova. Viss det gjer det, kan varemerket registrerast.
- Viss vi meiner at varemerket ditt ikkje oppfyller alle krava i varemerkelova, får du ei melding i Altinn eller eit brev i posten om dette. Dette kallar vi eit realitetsutsegn. Ei realitetsutsegn er ei vurdering og ikkje ei endeleg avgjerd. Viss du er ueinig i vurderinga vår, må du sende oss eit svar med grunngiving for synet ditt innan fristen vi har gitt. Vi vil deretter vurdere søknaden på nytt.
- Viss vi fortsatt meiner at varemerket ditt ikkje oppfyller alle krava i varemerkelova, vil vi avslå varemerkesøknaden.
- Under søknadsbehandlinga vil vi hovudsakeleg kommunisere med deg via Altinn. Du kan også be om munnlege forhandlingar
Har du fått avslag på varemerkesøknaden din?
Det kan vere fleire grunnar til det. Du har kanskje fått avslag for alle varene og tenestene du har søkt på, eller for nokre av desse. Les meir om kva du kan gjere vidare for å skaffe deg einerett til varemerket ditt.
Raskare saksbehandling
Viss du ønskjer ei rask behandling av søknaden din, kan du bruke søknadsvegvisaren eller be om munnlege forhandlingar.
Kan andre sjå søknaden din?
Ver merksam på at søknaden og alle dokumenta i saka er offentlege allereie frå søknadsdagen. Det kan ikkje haldast hemmeleg at det er søkt om registrering av eit varemerke. Du kan heller ikkje krevje at gjengivinga av varemerket eller opplysningar om søkjar eller kva for varer eller tenester det er søkt registrert for, skal haldast hemmeleg.
Les meir om hemmeleghald
Har du tenkt å søkje om designvern, bør du derfor gjere dette før du søkjer om varemerkeregistrering, fordi ein søknad om varemerke vil vere å offentleggjere designet.
Sensitiv informasjon
Viss du vil at Patentstyret skal hemmeleghalde bestemte dokument i saka, må du gi oss beskjed om dette samtidig som du sender inn dokumenta. Vi vil normalt ikkje akseptere at informasjon som er viktig for saka sitt utfall blir unnateke offentlegheita. Viss kun ein del av dokumentet inneheld sensitive opplysningar, kan du sjølv sladde informasjonen før dokumenta blir sende inn. Ver merksam på at spørsmål om å halde dokumenta unna offentlegheita vil forsinke saksbehandlingstida.
Gjengiving av varemerket, varelista og opplysingar om innehavar vil vere tilgjengeleg i registeret sjølv etter at varemerkesøknad er trekt, eller varemerkeregistreringa er stoppa eller sletta.
Avgrensa vareliste
Kva avgrensingar godtek Patentstyret i ei allereie innsend vareliste?
Ei vareliste kan aldri utvidast etter innlevering av søknad, men ho kan avgrensast. Dette blir gjort typisk for å unngå registreringshindringar eller for å kunne inngå avtalar med innehavarar av tidlegare registrerte rettar.
Varene og tenestene skal angivast «klart og tydeleg», sjå varemerkeforskrifta § 10. Dette betyr at marknaden (konkurrentane), Patentstyret og andre styresmakter skal kunne bestemme omfanget av eineretten som blir søkt på grunnlag av varelistan. (T.d. for å vurdere handlefridommen til andre næringsdrivande.)
Varelista kan avgrensast ved å:
- slette ei opplysning
- spesifisere ei opplysning til å omfatte noko bestemt, til dømes; “maskiner, nemleg symaskiner”
- ekskludere noko frå ei vid opplysning, til dømes “Klasse 9: Operativsystem, unnateke operativsystem for mobiltelefonar».
For å lykkast med å lage ei klar og eintydig avgrensing tilrår Patentstyret følgjande:
- Ta berre unntak for varer og tenester som inngår i den ho allereie leverte inn varelista.
- Angi varene/tenestene ved hjelp av ei spesifisering (positiv opplysning) om mogleg.
- Verneomfanget er lettare å forstå viss unntaket er retta mot konkrete varer og tenester, og er klart og konsist angitt.
- Objektive eigenskapar ved varet eller tenesta er ofte OK, t.d. “Klasse 30: Kaffi, unnateke koffeinfri kaffi» medan meir subjektive eigenskapar ved varet eller tenesta lettare blir uklar (kvaliteten på varet eller kven omsetningskrinsen er) T.d. “«Klasse 30: Kaffi, berre for sal i Innlandet”»
EUIPO har i sine guidelines gitt ei oversikt med døme over kva avgrensingar dei godtek og ikkje godtek, sjå EUIPO Guidelines. Følgjer du desse retningslinjene når du gjennomfører ei avgrensing, vil Patentstyret også kunne godta ho.
Kva er ei bindande avgrensing?
- Du leverer inn ein ny, godkjent varefortegnelse som du ber Patentstyret leggje til grunn i den vidare behandlinga
- Du leverer inn ein ny varefortegnelse som er lik eit forslag frå Patentstyret
- Du leverer inn ein ny varefortegnelse utan atterhald.
Deling av søknader og registreringar
Du kan krevje at varemerkesøknaden eller -registreringa blir delt i to eller fleire søknader eller registreringar. Det kan vere aktuelt viss vi ikkje kan registrere søknaden for delar av varelista, eller viss til dømes delar av varelista skal overførast til andre.
Les meir om deling av søknader og registreringar
Registrering og kunngjering av varemerket
Registrering: Viss vilkåra for å gi deg registrering er oppfylde, registrerer vi varemerket ditt. Vi sender deg stadfesting på eineretten din innan 15 vyrkedagar etter registreringa.
Kunngjering: Vi kunngjer registreringa i Norsk varemerketidende. Norsk varemerketidende blir publisert på våre nettsider kvar veke.
Innvendingar mot varemerkesøknaden
Alle kan levere ein protest mot varemerkesøknaden din når som helst under søknadsbehandlinga. Det betyr at nokon kan gjere Patentstyret merksam på at dei meiner det er grunnar til at varemerket ikkje kan registrerast. Viss dette skjer, vil du få beskjed og moglegheit til å svare på protesten.
Les meir om protest.
Innvendingar mot ei varemerkeregistrering
Motsegn: Alle kan levere ei motsegn mot registreringa av varemerket ditt i 3 månader frå kunngjeringsdagen i Norsk varemerketidende. Det betyr at nokon kan gjere Patentstyret merksam på at dei meiner det er grunnar til at varemerket ditt ikkje kan registrerast. Viss dette skjer, får du beskjed og moglegheit til å svare på motsegna. Motsegna kan føre til at registreringa heilt eller delvis blir oppheva.
Meir informasjon om motsegn.
Administrativ overprøving: Etter at fristen for motsegn har gått ut, kan andre fortsatt prøve gyldigheita av registreringa di ved administrativ overprøving, til dømes på grunn av manglande bruk eller degenerasjon av varemerket.
Les meir om administrativ overprøving.
Klagemoglegheiter
Viss du er ueinig i Patentstyret si avgjerd eller viss registreringa di skulle bli oppheva, kan du klage denne avgjerda inn til Klagenemnda for industrielle rettar. Klagefristen er to månader frå den dagen avgjerda blir sendt ut. Du må då betale ei klageavgift. Avgjerda i Klagenemnda for industrielle rettar kan ankast inn for domstolane.
Meir informasjon om Klagenemnda for industrielle rettar på www.kfir.no.
Oppheving av registreringa som følgje av seinare innkome søknad med betre prioritet
Ein periode etter registreringa vil Patentstyret kunne få inn nye søknader som på bakgrunn av internasjonale forpliktingar kan ha betre prioritet enn ditt merke. Dette er merke som har søknadsdato frå eit anna land, som søkjaren innan ein periode på 6 månader kan ta med seg vidare når han søkjer i nye land. Viss Patentstyret får inn ein søknad som er identisk eller kan forvekslast med ditt merke, og denne har søknadsdato frå eit anna land som er før i tid enn dagen du søkte i Noreg, kan resultatet bli at di registrering må opphevast. Dette skjer svært sjeldan.
Vil du søkje om varemerkeregistrering i utlandet?
Viss du vil beskytte varemerket ditt i andre land, må du søkje direkte i kvart enkelt land eller bruke eit internasjonalt søknadssystem. Det er viktig at du søkjer i utlandet før det er gått seks månader frå du leverte inn søknaden i Noreg. Da får du såkalla "prioritet", som betyr at vernet får same verknadstidspunkt som i Noreg.
Les meir om varemerkeregistrering i utlandet
Endringar i registreringa
Viss du til dømes får ny adresse eller det skjer andre endringar, må du melde frå til oss om dette. Vi oppfordrer deg til å bruke skjemaet vårt for registerendringar. Endringar i varemerkeregisteret (databasen vår) blir utført innan 15 vyrkedagar etter at vi har motteke meldinga.
Fornying av varemerkeregistreringa
For å oppretthalde registreringa, må du betale ei avgift kvart 10. år. Avgifta må betalast innan oppgitt frist eller tidlegast eitt år før. Du vel sjølv kor lenge du ønskjer å oppretthalde varemerkeregistreringa din.
Les meir om fornying
Kopi av di eller andre si varemerkeregistrering
Du kan bestille ein bekrefta kopi av din eigen eller andre sin varemerkesøknad eller -registrering. Stadfestinga blir send innan 10 vyrkedagar etter at vi har motteke avgifta. Du kan bruke dokumentet som prioritetsdokument eller for å dokumentere dine rettar, til dømes ovanfor nokon som misbruker varemerket ditt.
Meir om bestilling av bekrefta kopier og prisar
Relevante lover og forskrifter
Lenkjene går til Lovdata
- Varemerkelova § 25 andre ledd (om hemmeleghald av dokument)
- Varemerkelova § 30 (om oppheving på grunn av søknader med betre prioritet)
- Forskrift om betalingar mv. til Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar
Har du spørsmål?
Ta kontakt med kundesenteret på tlf +47 22 38 73 33