Geografiske opphavsnemningar

Også kalla Beskytta nemningar. Det er ei offentleg merkeordning som sikrar at norske matskattar får det vernet og verdsetjinga dei treng.

Mange matvarer er eit resultat av lange tradisjonar, høg kunnskap og råvarer dyrka under svært gunstige vokstervilkår. Dette er med på å gi produkta unik smak og karakteristikk.

Etter mønster frå EU-landa er det i Noreg høve til å registrere beskytta nemningar for norske landbruksbaserte næringsmiddel, fisk og fiskevarer.

Eksempel
Det er forbode å bruke geografiske nemningar for vin og brennevin som ikkje kjem frå vedkomande geografiske område. Eit eksempel på dette er champagne. Det er ikkje lov å bruke nemninga «champagne» for musserande vin, med mindre den er produsert i Champagne-området i Frankrike.

Stiftelsen Norsk Mat
Merkeordninga blir administrert av Mattilsynet gjennom Stilftelsen Norsk Mat (tidlegare Matmerk). Ordninga gir moglegheit til å beskytte produktnemningar for denne typen varer viss dei har ein spesiell geografisk tilhøyring, tradisjon og særeigne kvalitetar.

Du finn meir informasjon på desse nettstadene:

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: