Industrielt rettsvern

Industrielt rettsvern gir vern først og framst i form av patent, varemerke- eller designregistrering.

Det gir innehavaren einerett til å utnytte oppfinninga, varemerket eller designet sitt. Industrielle rettar utgjer ein stadig viktigare del av fundamentet for innovasjon og verdiskaping. Internasjonalisering innan forskning, næringsliv og teknologi gjer at slike rettar er under større press enn tidlegare. Patentstyret er ein viktig aktør i arbeidet med å sørge for at rettar og dei verdiane dei representerer blir sikra.

Engelsk: Industrial Property Rights.

Sjå også Immaterielle rettar

 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: