Merkeendring
Vilkår for endring
Patentstyret kan godta merkeendringar dersom endringane er «uvesentlege og ikkje påverkar heilskapsinntrykket» (varemerkelova §§ 13 og 34). Dette vilkåret inneber at det er eit snevert høve til å gjere endringar i eit varemerke.
Vi vurderer konkret i kvar enkelt sak om ei merkeendring oppfyller dette vilkåret.
Dersom vi avslår eit krav om merkeendring, kan du likevel søkje om å registrere merket som ein ny varemerkesøknad.
Kva kostar det?
Dersom du ønskjer merkeendring i eit registrert varemerke, må du betale eit gebyr på kr 1200. Dette er for behandlinga av kravet, og må betalast uavhengig av om vi godtek merkeendringa eller ikkje.
Dersom du ønskjer merkeendring i eit varemerke som er under behandling, skal du ikkje betale dette gebyret.
Korleis ber du om å endre eit varemerke?
Les meir på sida om «Endringar i ein søknad eller rett» - Punkt 4 Endring av merke (varemerke).
Eksempel på merkeendringar som Patentstyret har godteke
Registrering nummer 246378

Endringa er at den skildrande teksten PÅ HOLTET blei fjerna. Patentstyret fann at denne endringa var uvesentleg og ikkje påverka merket sine heilskapsinntrykk.
Registrering nummer 48824

Endringa er at ordet SPECIAL er skrive i ein tynnare font, og bokstaven K er justert noko i form og fargestyrkje. Patentstyret fann at denne endringa var uvesentleg og ikkje påverka merket sitt heilskapsinntrykk.
Registrering nummer 252097:

Endringa er at orda BLOCK og MATCH er trekte saman til eitt ord. Patentstyret fann at denne endringa var uvesentleg og ikkje påverka merket sitt heilskapsinntrykk.
Registrering nummer 228302:

Endringa er at selskapsnemninga AS blei fjerna frå merket. Patentstyret fann at denne endringa var uvesentleg og ikkje påverka merket sitt heilskapsinntrykk.
Registrering nummer 272094:

Endringa er at fargen til merket blir endra frå einsfarga sort til einsfarga blått. Patentstyret fann at denne endringa var uvesentleg og ikkje påverka merket sitt heilskapsinntrykk.
Ei registrering av eit merke i sort og kvitt, gir også vern for gjengiving av merket i andre fargar. Endringa inneber derfor at vernet til merket er avgrensa til gjengiving i blått istadenfor at merket har vern for gjengiving i alle fargar. Dersom endringa hadde vore motsett, frå blått til sort, ville endringa ikkje bli godteken då vernet ville blitt utvida til å gjelde gjengivingar av merket i alle fargar.
Registrering nummer 197437:

Endringa er at detaljane som skaper ein effekt av skugge og djupn i figurelementet blir fjerna. Etter endringa framstår figurelementet i ein gul farge og med tjukkare strekar enn i det opphavlege registrerte merket. AMFI er også framstilt i ein tjukkare font. Patentstyret fann at denne endringa var uvesentleg og ikkje påverka merket sitt heilskapsinntrykk.
Registrering nummer 286198:

Endringa er at fargen på figurelementet er endra frå oransje til rosa, og begge fargar gir eit raudleg uttrykk. Patentstyret fann at denne endringa var uvesentleg og ikkje påverka merket sitt heilskapsinntrykk.
Registrering nummer 184528:

Endringa er at ordet AND er endra til &, og tydingsinnhaldet til merket blir derfor det same. Patentstyret fann at denne endringa var uvesentleg og ikkje påverka merket sitt heilskapsinntrykk.
Registrering nummer 71555:

Endringa er at bindestreken mellom SUMA og BLESS sin blir fjerna, og orda blir trekte saman til eitt ord. Merket sitt tydingsinnhald blir det same. Patentstyret fann at denne endringa var uvesentleg og ikkje påverka merket sitt heilskapsinntrykk. .
Registrering nummer 289001:

Endringa er at det skildrande ordet APP blir fjerna frå merket, og det distinktive ordet GENUS blir ståande igjen i merket. Patentstyret fann at denne endringa var uvesentleg og ikkje påverka merket sitt heilskapsinntrykk.
Registrering nummer 98532:

Endringa er at tekstelementa A SELECTION OF og NEW YORK CITY i den øvre og nedre delen til merket blei fjerna. I tillegg har merket meir markerte linkar og er skrivne i ei feitare skrift. Bokstavkombinasjonen LTD. er lagd til etter ordet SONS Endringa blei godteken då dei fjerna orda, samt den tillagde selskapsopplysninga LTD. ikkje blir rekna for å ha distinktiv evne. Patentstyret fann at denne endringa var uvesentleg og ikkje påverka merket sitt heilskapsinntrykk.
Registrering nummer 175534:

Endringa er at dei kvite detaljane som skaper ein effekt av skugge og djupn i bokstavane blir fjerna. Forma og uttrykket til merket blir i hovudsak likt med det opphavlege registrerte merket. Patentstyret fann at denne endringa var uvesentleg og ikkje påverka merket sitt heilskapsinntrykk.
Registrering nummer 71441:

Endringa er at skrifttypen er endra. Den visuelle effekten av dei to bokstavane T er likevel framleis i behald. Patentstyret fann at denne endringa var uvesentleg og ikkje påverka merket sitt heilskapsinntrykk.