Merkevare

Ei vare som sendast på marknaden under eit bestemt namn, med einsarta innpakning og kvalitet.

Dette er eit ord som har fleire definisjonar og blir bruk i mange ulike samanhenger.

Ei merkevare er summen av alle assosiasjonar kundane har til eit produkt, eit firma eller ein person. Altså kva kunden seier når dei skal skildre produktet, firmaet eller personen. Ei sterk merkevare betyr at desse assosiasjonane er einsarta og tydelege.

Merkevarebygging er å gi ei merkevare verdiar, slik at kjøparen får ei kjensle av å ha kjøpt meir enn berre produktet.

Merkevarebygging går ofte ut på at ein tilfører produktet eit symbol eller logo, som etter fleire år med marknadsføring skal føre til at kundane forbind produktet med kvalitet og visse eigenskapar og fordeler, og over tid utviklar tillit til produktet.

Alle merkevarer er varemerke, men ikkje alle varemerke er merkevarer.

Les meir om varemerker

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: