Motsegn - patent
Alle som meiner at eit patent er gitt på feilaktig grunnlag, kan sende inn ei skriftleg motsegn mot det til Patentstyret.
På bokmål kallast dette innsigelse.
Fristen for å sende inn ei motsegn er ni (9) månader frå den dagen patentet blei meddelt. Ved å levere ein motsegn, angrip ein patentet si gyldigheit eller patenthavaren sin rett til oppfinninga.
Motsegna skal vere underbygt, og grunngivinga bør vere understøtta med til dømes publikasjonar. Vi behandlar motsegn i fagavdelinga vår.