Omsetningskrets

Gruppen av potensielle kjøparar og seljarar for dei aktuelle varene / tenestene.

Blir brukt som standard for å vurdere korleis eit varemerke blir oppfatta av dei som faktisk vil kunne møte det i ein reell kjøps- og salssituasjon. Det omfattar alle ledd i omsetninga.

Kven omsetningskretsen består av, varierer likevel med typen varer/tenester.

Omsetningskretsen for «badedraktar» vil bestå av heilt vanlege forbrukarar, profesjonelle svømmarar, tilsette i sportsbutikkar, produsentar av sportsklede, tekstilar mv.

For avansert utstyr til oljeindustrien vil ikkje vanlege forbrukarar vere ein del av omsetningskretsen. Her vil alle ledd i stor grad vere profesjonelle.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: