Patentfamilie

Det er vanleg å definere ein patentfamilie som ei samling søknader og patent som gjeld den same oppfinninga verda over.

Dette betyr at ein patentfamilie omfattar alle dokument (patentsøknader og patent) som har nøyaktig same prioritet, inkludert den opprinnelege prioritetsdannande søknaden og alle etterfølgjande søknader verda over.

Prioritet er da knytta til den søknaden som først omtalar oppfinninga (førstesøknaden), og sikrar at etterfølgjande søknader med same prioritet blir gitt vern tilbake til søknadsdatoen for førstesøknaden.

Ved fleire prioritetar i same søknad vil familien omfatte dokument med nøyaktig den same kombinasjonen av prioritetar.

Les meir om prioritet 

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: