Provisorisk patentvern / provisorisk vern

Provisorisk vern gir deg vern mot patentinngrep mens søknaden din er under behandling, det vil seie før patentet blir meddelt.

Patentsøknaden på norsk

Viss søknaden din er på norsk, får du provisorisk vern for patentsøknaden din når søknaden er gjort allment tilgjengeleg, det vil seie 18 månader etter at du leverte inn søknaden din (eventuelt frå prioritetsdagen). Viss du ber om at søknadsdokumenta blir gjort allment tilgjengeleg tidlegare enn etter 18 månader, vil du få provisorisk vern frå dette tidlegare tidspunktet.

Patentsøknaden på engelsk

Viss søknaden din er på engelsk, må patentkrava omsetjast til norsk for å få provisorisk vern. Det provisoriske vernet gjeld berre så langt det er samsvar mellom den norske og den engelske teksten. Patentstyret vil ikkje kontrollere omsetjinga - du har sjølv ansvar for at den er korrekt. Du kan sende inn ei retting av omsetjinga mot å betale eit gebyr.

Når du sender inn omsetjing eller retting må du fortelje oss at dei er sendt inn for å få provisorisk vern.

Patentstyret må kunngjere i Norsk patenttidende at du har levert ei omsetjing av patentkrava før det provisoriske vernet startar å gjelde. Vi må også kunngjere at vi har motteke ei retting av omsetjinga for at rettinga skal gjelde.

Korleis levere ei omsetjing
Dersom du har eit norsk personnummer, bruk skjema Korrespondanse til Patentstyret 

Dersom du ikkje har eit norsk personnummer, kan du framleis kommunisere med oss elektronisk via Altinn. Les meir om korleis (info på engelsk). 

Du kan også levere omsetjinga på e-post til post@patentstyret.no. Men av tryggleiksomsyn tilrår vi at du brukar Altinn, som nemnde ovanfor.

Provisorisk vern for PCT-søknader og EP-søknader

Du kan få provisorisk vern i Noreg for PCT-søknaden din i perioden etter at den er publisert internasjonalt og før du vidarefører den til Noreg, sjå Internasjonal patentsøknad (PCT).

Du kan få provisorisk vern i Noreg for den europeiske patentsøknaden din i perioden etter at den er publisert hos EPO og fram til du har validert patent i Noreg, sjå Europeisk patentsøknad.

Takk for tilbakemeldingen din! Ønskjer du svar, ring +47 22 38 73 00 og snakk med kundesenteret vårt.
Denne siden ble sist endret: